19
mar

Den norske sjukdomen. Anne Kveim Lie om radesjuken

Daguerrotypi av syk jente og bilde av Kveim Lie
Portrett av syk jente fra 1800-tallet. Daguerrotypi. Fotograf Ukjent. Foto Kveim Lie: Øystein Horgmo/UiO
Tirsdag 19. mars 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Radesjuken er ein ukjend sjukdom for dei fleste i dag, men på 1700-talet var den Noreg sitt største helseproblem. Sjukdomen var ikkje kjend frå andre stader og fekk difor tilnamnet «den norske». Radesjuken sine herjingar gjorde at det blei oppretta 16 sjukehus rundt om i landet, og desse danna grunnlaget for det moderne sjukehusvesenet. På 1800-talet var radesjuken på retrett, men eitt spørsmål står likevel att: Kva var eigentleg radesjuken? 

Anne Kveim Lie er utdanna lege og idéhistorikar og fyrsteamanuensis i medisinsk historie. Ho skriv om radesjuke i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Serie: Norsk medisinhistorie

På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som det største helseproblemet i si tid. I gamle dagar var kirurg synonymt med barberar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagd på sjukehus var ein risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata.

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. Vi har invitert nokre av forfattarane til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.