Nansenpasset i utstilling på Nasjonalbiblioteket

Bildet syner eit meldebevis med oblat, og er henta frå utstillinga. Foto: Tor Edvin Eliassen, Nasjonalbiblioteket

I år er det hundre år sidan arbeidet med Nansenpasset starta opp. No viser Nasjonalbiblioteket fram originale Nansenpass og andre dokument som fortel historia om etableringa av den første internasjonale avtalen for vern av flyktningar.

  • 29. 09.2021

Materialet er henta frå Arkivverket og Nasjonalbiblioteket sine samlingar.

– Det er første gong vi i så stor grad baserer oss på materiale frå Arkivverket si samling. Vi er svært glade for at vi kan ta i bruk dette materialet i formidlinga vår, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. – For publikum er det viktig å kunne sjå dette materialet og få innblikk i ei viktig historisk hending som framleis er høgst aktuell, uavhengig av kva for eit arkiv dette materialet kjem frå, seier han.

I tillegg til Nansenpass kan ein mellom anna sjå fotografi, avisutklipp, korrespondanse, meldebevis og oblatar med bilde av Fridtjof Nansen. Referatet frå konferansen i Folkeforbundet, der den første avtalen blei underteikna, er skrive av Fridtjof Nansen sjølv. Det er også med i utstillinga.

Bakgrunnen for Nansenpasset
Etter første verdskrigen opplevde Europa ei stor humanitær og politisk krise med russiske, armenske, greske og jødiske flyktningar. Som ein reaksjon på dette, gjekk Folkeforbundet, den internasjonale Raudekrossen og private organisasjonar i 1921 saman for å sikre spesialstatus til menneske som måtte flykte frå heimlandet sitt på grunn av krig eller forfølging. Året etter blei det første internasjonale identitetskortet for flyktningar, kalla Nansenpasset, utferda.

Fridtjof Nansen (1861–1­930) fekk ei rekkje store humanitære oppdrag frå Folkeforbundet etter første verdskrigen. I august 1921 utnemnde den internasjonale Raudekross-komitéen Nansen til høgkommissær for svoltramma i Russland (Nansenhjelpa). I september 1921 takka han ja til å bli høgkommissær for flyktningar i Folkeforbundet. Nansen besøkte mange av dei områda som var ramma, dokumenterte lidingane som flyktningane gjennomgjekk og reiste på føredragsturnear for å samle inn pengar til naudarbeidet. Fridtjof Nansen fekk Nobels fredspris i 1922 for innsatsen sin for flyktningar, krigsfangar og svoltramma.

Utstillinga vil vere tilgjengeleg fram til 15. januar 2022.