Dei første trykte bøkene skal ut for første gong på hundre år

Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense.
Dei to første norske trykte bøkene, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense.

I høve Bokåret 2019 tek Nasjonalbiblioteket dei to første norske trykte bøkene med på reise til utvalde stadar i Noreg. Dei 500 år gamle bøkene blir frakta i ein spesialbygd koffert til framsyningar i Rana, Sarpsborg, Bergen og Ørsta, før dei blir del av den bokhistoriske utstillinga som opnar i Nasjonalbiblioteket til hausten.

  • 15.05.2019

– Så vidt vi kjenner til har ikkje bøkene vore utanfor granittveggane her på Solli plass i Oslo sidan dei kom hit for meir enn hundre år sidan, seier avdelingdirektør ved Nasjonalbiblioteket Hege Stensrud Høsøien.

Dei to bøkene, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense, blei trykte i 1519. Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. I Nasjonalbiblioteket blir bøkene oppbevart djupt under bakken i eit nøye regulert klima. Berre ein sjeldan gong blir dei henta opp frå sikringsmagasinet.

I samband med 500-årsjubileet har det vore stor interesse for bøkene, og Nasjonalbiblioteket har forsøkt å finne ei løysing slik at fleire skal få sjå dei.

– Med hjelp frå konservatorane våre har vi fått laga ein spesialbygd koffert som sikrar dei sårbare bøkene mot temperatursvingingar og andre ting som kan skade dei under transporten. Kofferten er den første i sitt slag her i landet, og vi håpar å kunne bruke den til liknande turnear i framtida, fortel Hege Stensrud Høsøien.

Det er Nasjonalbibliotekets fagpersonar Chiara Palandri, Bente Lavold, Siv Frøydis Berg og Nina Korbu som skal syne fram bøkene rundt omkring i Noreg.

Her er stoppestadane som er planlagde til no:

  • Rana folkebibliotek, onsdag 15. mai
  • Borgarsyssel museum i Sarpsborg, måndag 27. mai
  • Bergen offentlege bibliotek, tysdag 28. mai
  • Nynorsk kultursentrum i Ørsta, onsdag 28. august

Frå 19. september kan du sjå bøkene på Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo, i utstillinga Lause typar og stramme bind. Norske trykte bøker i 500 år.

 BOKÅRET 2019:

  • Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense er startpunktet for historia til den trykte boka i Noreg. 500-årsjubileet blir markert over heile landet i 2019, med arrangement som fremjer lesing og leselyst.
  • Alle folkebibliotek, fag- og forskingsbibliotek får tilbod om ei plakatutstilling om den norske bokhistoria.
  • Hausten 2019 opnar Nasjonalbiblioteket den bokhistoriske utstillinga Lause typar og stramme bind. Norske trykte bøker i 500 år (19.09.2019–18.01.2020) på Solli plass i Oslo, og held ei rekkje pulikumsarrangement knytt til denne.
  • Nasjonalbiblioteket har etablert fleire bokhistoriske forskingsprosjekt i samband med Bokåret 2019 og arrangerer ei rekkje fagseminar knytt til desse i løpet av året. Ein bibliografi over dei norske trykte bøkene fram til 1850 bli også ferdigstilt i 2019.