Uttaleordliste for nynorsk

Med taleteknologi kan ein tekste TV-program automatisk, styre mobiltelefonen ved hjelp av stemmen eller få datamaskina til å lese opp kva som står i eit dokument. Det finst allereie mykje god taleteknologi for norsk, men denne støtter ofte berre bokmål. Ein viktig grunn er at grunnlagsressursane ein treng for å lage god taleteknologi, i mange tilfelle manglar på nynorsk. For å bøte på dette har Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket gjort tilgjengeleg ein viktig grunnlagsressurs for nynorsk taleteknologi: ei uttaleordliste. Dette er ei liste med nynorske ord og maskinlesbare, fonetiske transkripsjonar av orda. Taleattkjenningssystem, som omset tale til tekst, nyttar slike lister til å vite kva for lydstrengar som svarar til ord på nynorsk.  I talesyntese, omsetting frå tekst til tale, gjev uttaleordlista informasjon om korleis den syntetiske stemma skal uttale nynorske ord. Ordlista inneheld 570 000 ord, og er utvikla av trondheimsfirmaet Lingit. Ho vert delt i ressurskatalogen til Språkbanken, og lisensen tillèt at ho kan nyttast både av kommersielle og ikkje-kommersielle utviklarar. Å lage ei uttaleordliste av denne typen er eit omfattande og kostbart arbeid og krev spisskompetanse på norsk lydlære, og for mange føretak vil det ikkje vere mogleg eller lønsamt å lage si eiga liste for nynorsk. Ved å tilby denne lista med open lisens gjer Språkbanken det billegare og enklare å utvikle taleteknologi for nynorsk. Språkbanken tilbyr også ei tilsvarande liste for bokmål og held no fram med å utvide begge listene med meir dialektvariasjon og fleire ord, som gjer listene endå meir nyttige.