Tekst
Omsetjingsminne frå EFTA
Desse omsetjingsminna er laga ved EEA Coordination Division ved Det europeiske frihandelsforbundet EFTAs sekretariat i Brussel, som mellom anna arbeider med omsetjing og publikasjonar i EFTA. Omsetjingsminna vert nytta der som eit arbeidsverktøy i omsetjingsarbeidet. Det finst to minne, eit stort med omsetjingar frå engelsk til bokmål (105.760 omsetjingseiningar) og eit mindre med omsetjingar frå engelsk til nynorsk (968 omsetjingseiningar). Ei omsetjingseining svarar vanlegvis til ei naturleg tekstleg eining, t.d. ei setning eller ei overskrift. Fikformatet er tmx, ein variant av xml.