Hopp til innhold

Norsk ordbank – nynorsk 2012

Norsk ordbank – nynorsk er ein leksikalsk database som speglar rettskrivingsreforma som vart effektuert 1. august 2012 og seinare justeringar av rettskrivinga for nynorsk.

Databasen er sett saman av ei grunnordliste og eit sett av bøyingsmønster. Kvart ord i grunnordlista har eitt eller fleire bøyingsmønster. Kvart bøyingsmønster inneheld ei linje for kvar enkelt bøygde form av grunnordet. Ei linje inneheld eit omformingsmønster og informasjon om ordklasse og morfologiske drag. Mønsteret syner korleis grunnordet kan ekspanderast til ei bøygd form.

Dataa er lagra i sju tabellar. Tabellen «lemma» inneheld alle oppslagsorda i Nynorskordboka med spesifikasjon av artikkelnummeret. Fullformslista inneheld alle moglege bøygde former av oppslagsorda i tråd med gjeldande rettskriving. Denne tabellen inneheld òg former som er tenkjelege, men i praksis blir brukte sjeldan eller aldri, t.d. fleirtalsformer som «snøar» og gradbøygde former som «vyrkeslausast».

Tabellane «lemma_paradigme», «paradigme», «paradigme_boying», «boyingsgruppe» og «boying» inneheld den informasjonen som er naudsynt for å generere fullformene basert på grunnordlista («lemma»). Dei inneheld med andre ord koplinga mellom grunnord og bøyingsmønster, reglar og informasjon om kategoriar.

Tabellen «leddanalyse» inneheld informasjon om leddeling av samansetningar. I Nynorskordboka er leddelinga markert med ein vertikal strek: bank|boks.

Fullformslista inneheld informasjon om argumentstruktur for ein del verb. Dei ulike kodane som er nytta, er beskrivne i fila «norsk_ordbank_argstr.txt».

Dokumentasjonsfila gjer greie for strukturen i dataa.

Legg merkje til at dette er ein dump av databasen slik han låg føre 10. oktober 2019. Ein søkbar og oppdatert versjon av Norsk ordbank finst hos Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen: https://www.uib.no/ub/114699/ordb%C3%B8ker-leksikografi.

Den siste versjonen (1. februar 2022) inneheld 117.445 lemma.

Utvidet metadata

Last ned ressurser

Last ned metadata