Tekst
Fritt tilgjengelege tekster frå NBdigital
Denne tekstsamlinga er sett saman av tekster som ikkje er underlagt opphavsrettslege restriksjonar (lenger). Materialet består av 26.344 OCR-handsama tekster fordelte på 10.756 ulike forfattarar og andre tekstprodusentar (t.d. offentlege institusjonar). Materialet kan lastast ned som komprimerte tar.gz-filer som inneheld tekstene i to format: html- og tekstfiler utan nokon form for koding. Teiknkodinga er UTF-8 for begge formata. Tekstene er henta rett ut frå Nettbiblioteket. Kvaliteten på tekstene er varierande, avhengig av kor god OCR-lesinga er. I tillegg til tekster på norsk (bokmål og nynorsk), inneheld samlinga tekster på fleire andre språk.