Puslespel: Codex Hardenbergianus

Puslespelet viser ei side henta frå den handskrivne boka Codex Hardenbergianus, ei særs praktfull utgåve av Magnus Lagabøtes landslov. Lova blei innførd av kong Magnus VI i 1274, og var det fyrste lovverket som gjaldt for heile det norske kongeriket. Lova stod i over 400 år.

Sida som pryder puslespelet, er henta frå prologen i boka, og illustrasjonen viser kongen som gir lova til ein lagmann.

Codex Hardenbergianus er stilt ut i Nasjonalbibliotekets faste utstilling Opplyst. Mellom 1. februar og 14. september 2024 kan du besøke utstillinga Med lova i hand på Nasjonalbiblioteket. Her kan du sjå både Codex Hardenbergianus og fleire eksemplar av Magnus Lagabøtes landslov, i tillegg til Heimskringla, Gulatingslova, Kristina-psalteret og mykje meir.

kr 299,–

På lager

Motiv

Landslovjubileet 2024

Størrelse

48 x 68 cm

Foto

Gorm K. Gaare

Design

soSouvenir og Superultraplus