Puslespel: Gustave Doré: «Den fjerde ryttaren: Døden»

Puslespelet viser eit bilde frå La Grande Bible de Tours, ei rikt illustrert bibelutgåve som første gong blei gitt ut i 1866. Den franske kunstnaren Gustave Doré (1832–1883) står bak illustrasjonane, som viser dramatiske scener frå både Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Bildet du ser på dette puslespelet, høyrer til ein passasje frå Johannes’ openberring, kor den fjerde ryttaren, som er avbilda her, representerer døden.

Dorés illustrasjonar har sidan blitt trykte i tallause bibelutgåver verda over. Mellom anna har dei vore ei kjelde til visuell inspirasjon for fleire svartmetallband, og norske Emperor brukte nettopp dette bildet av den fjerde ryttaren på omslaget til EP-en Emperor (1993).

kr 299,–

På lager

Motiv

Svartmetall

Størrelse

48 x 68 cm

Design

soSouvenir og Superultraplus