Praktutgåve: Magnus Lagabøtes landslov

Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274. I denne lova ligg spirene til både den norske rettsstaten og den folkelege medbestemminga i styre og stell som er ein føresetnad for demokratiet vårt. I høve Landslovjubileet 2024 gir Nasjonalbiblioteket ut ei praktutgåve av Landslova i ny omsetjing. Praktutgåva har ei særs vakker utforming, inspirert av 1300-talets Codex Hardenbergianus.

«Landslova fortel ei anna historie om Noreg. Ho fortel om eit land som i mellomalderen er ein del av europeisk kultur og politikk, eit land med ein lesande og skrivande elite, men også eit lesande og skrivande folk.»
– Frå føreordet i boka, ved Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde

kr 3 999,–

På lager

Forfattar

Magnus Rindal; Aslak Sira Myhre og Jørn Øyrehagen Sunde (føreord)

Omsetjar

Magnus Rindal

Utgivingsår

2024

Innbinding

Skinninnbunden og med bokeske

Språk

Gammalnorsk og nynorsk

Utgivar

Nasjonalbiblioteket

ISBN

9788279655619