Marilynne Robinson
Om tru og tankefridom
«Vi har mista humanismen.»
I ei tid prega av splitting og eit stadig snevrare offentleg ordskifte, rettar Marilynne Robinson blikket mot klassiske amerikanske forfattarar og tenkarar for å finne att noko av det vi har mista på vegen. Hos mellom andre Edgar Allan Poe og Jean Calvin finn ho ein gløymd humanisme som sameiner tru, metafysikk og fri tanke. I moderne tid har vi derimot fått ei innsnevra forståing av kva mennesket er og kan vere. Men skaparevna vår, og frirommet som finst i litteraturen, gir oss likevel grunn til håp. Essayet er ei kraftfull oppmoding om å gjenoppdage vår åndelege og menneskelege forplikting.
Denne boka er den skriftlege utgåva av Fosseforedraget 2026. Om tru og tankefridom av Marilynne Robinson er det andre bidraget i denne rekkja med foredrag om litteratur og kunst – ei satsing til ære for den fjerde norske nobelprisvinnaren i litteratur.
kr 299,–
Førehandsbestilling. Kjem på lager 23. april.
| Forfattar | Marilynne Robinson |
|---|---|
| Omsetjarar | Preben Jordal og Laura Djupvik |
| Utgivingsår | 2026 |
| Sidetal | 60 |
| Innbinding | Hefta |
| Målform | Norsk (Nynorsk) |
| Serie | Fosseforedraget |
| Utgivar | Nasjonalbiblioteket |
| ISBN | 9788279656043 |






