Magnus Rindal
Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov
og rettarbøter til Bylova 1282–1320
Magnus Lagabøtes bylov blei vedteken i Bergen i 1276. Lova supplerer Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, med særskilde reglar for styring av byen og åtferd i byen. Ho er den tidlegaste heilskaplege lovboka for byar vi kjenner frå Noreg, og blei i tillegg til Bergen også gjeldande for andre norske mellomalderbyar.
Farmannslova er tradisjonelt knytt til Bylova og handlar om reglane for ferdsel til sjøs og handelsvarene på skip.
Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov er sentrale kjelder til kunnskap om korleis livet i byen blei organisert i mellomalderen, og korleis byen fungerte som sentrum for utveksling av varer, idear og kultur.
Boka er det tredje bindet i serien Norske mellomalderskrifter, ein bokserie som har som mål å gjere mellomalderen sin skriftkultur tilgjengeleg på moderne norsk.
Førehandsbestilling. Kjem på lager 5. juni.
| Omsetjar | Magnus Rindal |
|---|---|
| Introduksjonstekst | Miriam Jensen Tveit |
| Utgivingsår | 2026 |
| Sidetal | 380 |
| Innbinding | Fleksibind |
| Språk | Norrønt, Norsk (Nynorsk) |
| Serie | Norske mellomalderskrifter |
| Utgivar | Nasjonalbiblioteket |
| ISBN | 9788279655725 |






