Fleirspråkleg ordliste frå Standard Norge
SNORRE er ein database som inneheld terminologi frå mange fagområde. Databasen er utvikla av Standard Norge i samarbeid med Språkrådet, og er resultatet av eit standardiseringsarbeid for terminologi. SNORRE inneheld fagomgrep på bokmål, nynorsk, engelsk, fransk og tysk, i tillegg til synonym og forkortingar. Denne versjonen er ein dump av termane i SNORRE, parallellstilt for bokmål, nynorsk, engelsk, fransk og tysk. Totalt inneheld listene omlag 53.500 omgrep, med termar på bokmål og nynorsk for nesten alle, og omsetjing til engelsk, fransk og tysk for delar av materialet. Definisjonar er ikkje inkluderte her. Innhald Språk - termar - synonym - forkortingar Bokmål - 49.678 - 2.257 - 945 Nynorsk - 48.875 - 3.448 - 900 Engelsk - 48.213 - 3.012 - 1.024 Fransk - 17.623 - 843 - 423 Tysk - 18.749 - 876 - 203 Filformat: tabulatorseparert enkel tekst (text/tsv). Ordlista frå SNORRE kan nyttast fritt til alle formål, men Standard Norge skal krediterast ved bruk (sjå lisensen).