Utstilling

Omvising i huset

Gratis inngang

Lurar du på kva som skjuler seg bak fasaden til Nasjonalbiblioteket på Solli plass?

Kvifor står det «Universitetsbiblioteket» hogd i stein over inngangsdøra? Korleis endte bygningen opp slik den ser ut i dag? Og kva kan Nasjonalbiblioteket tilby publikum som kjem på besøk?

Blant freskar av Emanuel Vigeland og Per Krohg tek vi deg med på ein runde i huset. Du får høyre om historia, arkitekturen og kunsten.

Du kan reservere plass ved å velje ein av dei ledige datoane i lista under. Skriv inn tal på personar og ei e-postadresse slik at vi kan stadfeste reservasjonen. Omvisinga varar normalt i rundt 30 minutt.

 

Omvisingar

07. desember kl. 13:30
Fullt
12. desember kl. 13:00
8 ledige plassar
14. desember kl. 13:30
Fullt
18. desember kl. 12:00
Fullt
19. desember kl. 13:00
20 ledige plassar