Pågående utstilling

Nansenpasset

28. september 2021 – 15. januar 2022 Gratis inngang

I 1921 starta arbeidet med det som nokre tid seinare skulle bli kjend som Nansenpasset – det første internasjonale identitetskortet for flyktningar. Fram til 15. januar 2022 kan du sjå originale Nansenpass og andre dokument som fortel historia om etableringa av den viktige internasjonale avtalen for vern av flyktningar i Nasjonalbiblioteket.

Etter første verdskrigen opplevde Europa ei stor humanitær og politisk krise med russiske, armenske, greske og jødiske flyktningar. Som ein reaksjon på dette, gjekk Folkeforbundet, den internasjonale Raudekrossen og private organisasjonar i 1921 saman for å sikre spesialstatus til menneske som måtte flykte frå heimlandet sitt på grunn av krig eller forfølging. Året etter blei det første internasjonale identitetskortet for flyktningar, kalla Nansenpasset, utferda.

 

Materialet i utstillinga er henta frå Arkivverket og Nasjonalbiblioteket sine samlingar og gir innblikk i ei viktig historisk hending som framleis er høgst aktuell. I tillegg til originale Nansenpass kan du mellom anna sjå fotografi, avisutklipp, korrespondanse, meldebevis og oblatar med bilde av Fridtjof Nansen. Referatet frå konferansen i Folkeforbundet, der den første avtalen blei underteikna, er skrive av Fridtjof Nansen sjølv. Det er også med i utstillinga.

Arrangement

Den nye innlandsisen?

Tor. 7. oktober kl.19:00
Gratis inngang
"Den nye innlandsisen?"