Glimt frå ei kulturhistorie

Omvisingstid: måndag – fredag kl. 10 – 14
Varar i ca. 60 minutt

Omvisar: Anna Kleiva

I samlinga til Nasjonalbiblioteket finst store delar av det som er publisert for offentlegheita frå 1100-talet og fram til vår eiga tid – manuskript, bøker, filmar, musikk, tv- og radioklipp, plakatar og småtrykk. Samlinga er det felles minnet vårt. I utstillinga Opplyst har vi henta nokon av desse viktige og spektakulære objekta fram i lyset. Dei representerer augeblikk i den felles historia vår, og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet og nasjonen vår.

I denne omvisinga kan du mellom anna lære om lovboka som la grunnlaget for den norske rettsstaten, om dei politiske tankane bak motleksikonet Arbeidernes leksikon, om den gongen norske filmar vart sensurerte før dei kom på kino og historia bak Noregs første internettside.

Besøk med minoritetsspråkleg klasse

Omvisinga i Opplyst går føre seg på norsk, men vi har utstillingskatalogar på både polsk, spansk, fransk, tysk, somali, arabisk og engelsk, i tillegg til norsk og samisk; desse kan vere til hjelp både under og etter besøket. Gi gjerne beskjed om det er aktuelt for klassa dykkar. Katalogane er gratis. 

Andre omvisninger for skoleklasser