28
nov

«Tyrkarfrykt». Mytar og minoritetar i skillingstrykka

Foto av deltagerne
Knut Reiersrud. Foto: knutreiersrud.no Elin Prøysen. Foto: Marianne Oterdahl Jensen. Einar Wigen. Foto: Ellen Evju Jahr. Kari Slaatsveen. Foto: Erika Hebbert. Bente Lavold. Foto: NB. Astrid Nora Ressem. Foto: NB
Torsdag 28. november 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Nokre av skillingstrykka i Nasjonalbibliotekets samlingar har innhald vi helst vil ta avstand frå i dag. Til dømes blei tyrkarar framstilte svært negativt. Visa om at dei i samarbeid med frimurarane slakta og salta ned velfødde nordmenn, er basert på ein konspirasjonsteori som oppstod på 1800-talet.

Forskar på eldre historie og bilete Bente Lavold og førsteamanuensis i tyrkiske studiar Einar Wigen samtalar med Kari Slaatsveen om korleis desse mytane kunne oppstå og om vi kan dra parallellar til konspirasjonsteoriar i dagens politiske bilete. Gitarist Knut Reiersrud opptrer.

På slutten av arrangementet blir det opna for generelle spørsmål om skillingsviser der skillingsviseforskarane Elin Prøysen og Astrid Nora Ressem òg vil vere til stades.

Gratisbillettar er tilgjengeleg på nb.no frå 14. november.