Digitalt arrangment
13
okt

Slektsforsking Navneskikker

Bilete av boka Å kallast med sitt rette namn
Onsdag 13. oktober 2021, at 15:00 – 16:00

Dette er eit digitalt arrangement. 

Følg med på ZOOM eller på VIMEO .

Ein kjend utfordring for slektsforskarar er at tidlegare generasjonar ofte skreiv namn på mange ulike vis, og skifta namn når dei flytta. Men med meir kunnskap om eldre namneskikkar er det òg mønstre ein kan nytte for enklare å finne fram. I dette webinaret skal vi sjå nærare på desse namneskikkane. Gjennom å sjå på namna i kjelder som kyrkjebøker og folketeljingar, så vel som i bygdebøker og annan litteratur, kan vi lære meir om korleis vi finner fram til rett person. Vi skal òg sjå på kva hjelpemiddel som ligg i nettbiblioteket og på nokre triks for å søke opp ein person sjølv om vi ikkje er sikre på korleis hen skreiv namnet.