Arrangement
9
nov

AVLYST: Sensur og ignoranse

Lars Fr. H. Svendsen. Foto: CF-Wesenberg / kolonihaven.no, Espen Beranek Holm. Foto: Jarle Nyttingnes, Adele Mestad. Foto: Hanna Brænden, NIM, og Kari Slaatsveen. Foto: Erika Hebbert
Mandag 9. november 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Ulike former for sensur av musikk

Etter nye retningslinjer fra Oslo kommune i forbindelse med covid-19 må vi dessverre avlyse dette arrangementet.

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir òg strøymt direkte på Facebook og nb.no, her treng ein ikkje billett.

Tidlegare var det ikkje uvanleg at musikk blei nekta framført på grunn av det statsmakta fann støytande eller provoserande. Teksten til «Norges skaal» blei forsøkt beslaglagt i 1782, og «Dra til hælvete» blei sensurert på NRK i 1981. I dag er det sjeldan at folk blir nekta å framføre verka sine, men finst det likevel ein grad av sensur ved at viktige aktørar i det liberale demokratiet vi lever i, ignorerer eller problematiserer enkelte haldningar og uttrykk?

Kari Slaatsveen samtaler med sensurert artist Espen Beranek Holm, professor i filosofi ved UiB Lars Fr. H. Svendsen og jurist og direktør i Norges Institusjon for Menneskerettigheter Adele Mestad . Den norske Studentersangforening opptrer.

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.