Bjørneboe 100 år, Digitalt arrangement

Scenen er ikkje satt

18. november kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Eugenio Barba og Tore Rem om Jens Bjørneboe, teatersyn og vennskap

Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet blir strømma både på Facebook og nb.no.

Sommaren 1960 tar en ukjend framandarbeidar-student mot til seg og ringer ein kjend forfattar. Dei avtaler eit møte på Blom. Et nært vennskap ser dagens lys. Forfattaren er Jens Bjørneboe, og studenten er Eugenio Barba, som seinare skal starte det eksperimentelle Odin Teateret i Oslo og stadig fortsette å utvide førestillinga vår om kva teater er, eller kan vere.

I denne samtalen mellom Bjørneboe-biograf Tore Rem og Eugenio Barba snakkar dei blant anna om kva relasjonen med Bjørneboe har betydd for Barba, både personlig og profesjonelt, om Odin Teateret si første oppsetjing Ornitofilene, som var basert på Bjørneboes Fugleelskerne, og om korleis Barba oppfattar teatersynet til Bjørneboe.

JENS BJØRNEBOE 100 ÅR
Denne hausten er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd. I utstillinga «Kunsten å gjøre jorden ubeboelig. Jens Bjørneboe 100 år» har Nasjonalbiblioteket tatt utgangspunkt i eit sentralt tema i forfattarskapen: det sårbare livet til mennesket på kloden. I ei rekke arrangement utover hausten vil vi også undersøke fleire emne som opptok Bjørneboe, som fridom, straff, teater, eksistens og vondskap.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"