21
nov

Rutene til rommet. Om teikneseriar og science fiction

Illustrasjon fra verdensrommet
Ill.: Kristian Hammerstad / Trigrammaton
Onsdag 21. november 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Den norske teikneseriehelten ingeniør Knut Berg reiste allereie på 1950-talet til den framande planeten Kandella, som var på trugande kollisjonskurs med jorda. Inspirert av tiårets store interesse for romfart gav teiknaren Jostein Ragnvald Øvrelid (Ronald Stone) norske lesarar eit bilete av det store, ukjende verdsrommet.

Korleis visualiserer ein framtida? Kva utfordringar står ein framfor når ein skal teikne eit science fiction-univers? Teikneserieskaparane Kristian Hammerstad og Sigbjørn Lilleeng har båe arbeidd med science fiction-sjangeren i bøker som Trigrammaton (Hammerstad) og Mellom planeter (Lilleeng). No møter dei Erle Marie Sørheim for å snakke om science fiction og teikneserieformatet.