6
feb

Romankroppane sitt teknologiske implantat. Lyra Koli og Cathrine Knudsen

Bilde av Koli og Knudsen
Onsdag 6. februar 2019, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket

I Cathrine Knudsen sin roman Den siste hjelperen undersøkast grensene mellom det autentiske og det inautentiske, og teknologien sitt grep om menneska sine kroppar og relasjonar. Også i svenske Lyra Koli si siste utgjeving, Allting växer, står kropp, medvit og teknologi sentralt. Korleis vil mennesket i framtida påverke og manipulere si eiga verd gjennom teknologi, og kva for konsekvensar får det for livet slik vi kjenner det? Samtalen leiast av litteraturvitar og kritikar Ragnild Lome.

Skandinaviske framtider

Sidan november har Nasjonalbiblioteket sett på korleis framtida har sett ut gjennom fortida si kulturhistorie. Framtida forandrar seg heile tida, og i dag lever vi på mange vis i den røynda science fiction frå fortida har skildra: Kunstig intelligens og algoritmar er ein del av kvardagen vår, menneskeliknande robotar og teknologi som implementerast i kroppane våre, er ikkje lenger fiksjon og spekulasjon. Utviklinga pressar fram store, filosofiske spørsmål: Kva er eit menneske? Og kva for ei verd er vi i ferd med å skape?

Dei siste åra har ein kunne ane eit oppsving i dystopiar og framtidsforteljingar frå skandinaviske forfattarar. Romanar, dikt og noveller om djupe, kollektive medvit integrert i hjerneborken, om klimakontrollerte soner, kyborgar og ein stadig mørkare horisont. Kvifor kjem dette akkurat no? Og korleis stiller denne litteraturen seg til den klassiske science fiction-tradisjonen?

Vi har samla fem skandinaviske forfattarar som har skrive seg inn mot denne tradisjonen, og inviterer til to dagar med samtaler og opplesingar. Kva for litterær og politisk kraft finst i dei fantastiske forteljingane og i science fiction som metode?