12
mar

Reinsinga sitt organ. Mina Adampour om levra si medisinske historie i Noreg

Tegning av lever og bilde av Adampour
Leveren, slik den er tegnet i Andreas Vesalius’ De Humani Corporis Fabrica fra 1543. Foto: Privat
Tirsdag 12. mars 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Levra er eit organ som ikkje alltid får kreditt for alt ho bidreg med for å halde oss i live. Ho er tross alt ansvarleg for omkring fem hundre biologiske prosessar i kroppen. Blant anna er levra ein sentral del av kroppen sitt reinseapparat, og måtte difor ta støyten for at alkohol så lenge blei sett på som medisin og styrkedrikk: I 1830 drakk norske borgarar heile 17 liter alkohol kvar i gjennomsnitt – mot omkring seks liter i dag. 

Lege, spaltist og samfunnsdebattant Mina Adampour skriv om levra i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Serie: Norsk medisinhistorie

På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som det største helseproblemet i si tid. I gamle dagar var kirurg synonymt med barberar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagd på sjukehus var ein risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata.

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. Vi har invitert nokre av forfattarane til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.