11
feb

Omflakkande liv og skjulte skjebnar

Foto av gammelt forbryteralbum
Frå Kristiania politikammers forbryteralbum 1913–1915 Foto: Kristiania politi / Digitalarkivet
Tirsdag 11. februar 2020, at 14:00 – 16:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Slektshistorieverkstad

Innimellom kjem slektsforskarar over personar som ikkje er heilt A4. Omstreifarar og lausgjengarar, fattigfolk og småkriminelle. Dei som fell utanfor i samfunnet, fell også ofte utanfor i dei vanlege kjeldene slektsforskarane går til. Heldigvis blir stadig fleire kjelder som kan kaste lys over livet utanom normalen, tilgjengelege. Ved å bruke ressursar som Lokalhistoriewiki, Nettbiblioteket og Historisk befolkningsregister kan mykje løysast, og det kan leie oss vidare til rett arkiv. På dette seminaret blir du kjend med nokre interessante menneske frå fortida, og du får innblikk i metodane som er brukte for å finne dei og dokumentere livet deira.