4
sep

Norske språkpionerar. Generasjonen som reiste ut i verda

Manuskript fra arkivet etter Carl Marstrander
Tirsdag 4. september 2018, at 13:00 – 15:30
Nasjonalbiblioteket

Sjeldne språk, framande kulturar, strabasiøse reiser – dette er berre nokre få stikkord frå det oppsiktsvekkjande arbeidet til ein heil generasjon norske språkforskarar. Dei skaffa oss unik innsikt i land som no, hundre år seinare, pregar nyheitene.

I dette fagseminaret kastar professor Kari Aga Myklebost lys over Olaf Broch sitt arbeid og hans innverknad i Russland, professor Jan Erik Rekdal ser på Carl Marstrander si forsking frå Irland, og filolog Amund Bjørsnøs presenterer Georg Morgenstierne sin dokumentasjon av minoritetsspråk i Austen. Originalmateriale frå forskarane blir også vist fram.

Seminaret er del av serien «Språk i arkiva»

Kva er språk? Kva makt har språk? Kva fortel språk om oss?

I Nasjonalbibliotekets arkiv og samlingar finn ein skildringar av språk som ikkje lenger er i bruk, biblar på latin, lovtekster på dansk og eventyr på samisk og santalsk. Kva fortel kjeldene om landet vårt, om språket vårt, og om oss?

I 2018 arrangerer Nasjonalbiblioteket ei rekkje fagseminar der forskarar brukar dette materialet for å forstå meir om språk, makt og identitet.