Arrangement
25
mai

Norske filmskatter: Salmer fra kjøkkenet

En mann sitter og røyker pipe mens en annen mann observerer fra en høy stol
Salmer fra kjøkkenet. Foto: BulBul Film AS
Torsdag 25. mai 2023, at 18:30 – 21:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

I 2003 blei både kinopublikum og kritikarar sjarmerte i senk av det underfundige og absurde universet til regissør Bent Hamer, og Salmer fra kjøkkenet blei omtalt som ein svart komedie. 

Det hender særs lite på kjøkkenet til gamlingen Isak (Joachim Calmeyer), likevel er han eit forskingsobjekt i ei storslått satsing for å gjere rutinane våre på kjøkkenet meir effektive. Den svenske forskaren Folke (Tomas Norström) har sett seg til rette på ei gardintrapp for å observere og dokumentere kvar enkelt rørsle gamle Isak gjer.  

Korleis blir einslege mannfolk i grisgrendte strøk framstilte i filmen? Og kvifor ler vi av dei hjelpelause forsøka deira på kommunikasjon? 

I serien «Norske filmskatter» kan du bli med på å sjå gamle filmar om igjen, og høyre kva panelgjestane til ordstyrar Vanja Henrikke Ødegård sit att med etter visninga. Denne gongen kjem forfattar og bygdekjennar Agnes Ravatn og komikar og filmstudent Ahmed Mamow, saman med filmvitar Ingrid S. Holtar her frå Nasjonalbiblioteket.  

Filmen blir vist frå klokka 18.30, og panelsamtalen begynner klokka 20.15. Du treng ikkje billett, men møt opp i god tid om du vil sikre deg plass. Dørene opnar 30 minutt før, og Kafé Å er open – velkommen!

Samtalen blir strøymd, men ikkje sjølve filmvisninga.  

Bent Hamer debuterte som spelefilmregissør med Eggs i 1995 og har fått ei lang rekkje norske og internasjonale prisar og nominasjonar for filmane sine. Dei har eit eige visuelt uttrykk, og dramatikken ligg som regel på det indre planet. Nasjonalbiblioteket har no samla alle spelefilmane til Hamer i ein eigen DVD-boks.  

Se alle filmene i Nasjonalbibliotekets serie Norske filmskatter her