12
feb

Mi kjelde: «La Israel leve»

Plakat med påskriften "La Israel leve" og foto fra 1. mai på Youngstorget i 1965
Fra venstre: Plakat av Abram Games. Eigar: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek / 1. mai 1956, Youngstorget Eigar: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Onsdag 12. februar 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Hilde Henriksen Waage om 1. mai 1956

Etter at staten Israel blei oppretta i 1948, utvikla den norske arbeidarrørsla eit heilt spesielt forhold til landet. Arbeidarpartiet såg på den nye staten i Midtausten som eit veksande, sosialistisk draumeparadis, og støtta Israel i tjukt og tynt. I samarbeid med den israelske ambassaden sørgde partisekretær Haakon Lie for at det var «La Israel leve»-plakatar i alle 1. mai-toga i landet i 1956. Professor Hilde Henriksen Waage samtaler med historikar Ola Innset om tida då Noreg var «Israels beste venn».

Korleis blir historia skriven? Under vignetten «Mi kjelde» får ein historikar eller sakprosaforfattar presentere yndlingskjelda si og vise korleis noko lite kan kaste lys over noko stort.