4
jun

Levande brev. Reiser frå arkivet

Bilde av brev, Hjorth og Moddi
Tirsdag 4. juni 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Utferdstrong og heimlengt, eventyr og frustrasjonar, skiftande vêr og framande hamner. Nasjonalbibliotekets brevsamling gjev mange innblikk i livet på reisefot: anten det er poetiske skildringar av sydlandske himmelstrok, iskalde tog og glidande skip eller knappe rapportar frå ugjestmilde polpunkt og møte med fiendtlege innfødde. Frå både fjern og nær har nordmenn skrive heim.

Gisken Armand, Mads Ousdal, Øystein Røger, Selome Emnetu og Lasse Kolsrud levandegjer brev om reiser og liv i eksil. Forfattar Vigdis Hjorth losar oss gjennom kvelden, akkompagnert av Pål Moddi Knutsen.

I arrangementet «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Fyrst tok vi kjærleiken, deretter katastrofen. Denne gongen er det reisa som står for tur.