20
feb

Levande brev: Kamp

Foto av alle deltagerne
Øverst fra venstre: Kari Slaatsveen, foto: Erika Hebbert/ Nils Bech/ Gisken Armand, foto: Øyvind Eide/ Bjørn Skagestad, foto: Marius Hauge/ Henriette Steenstrup/ Petter Winther, foto: Det Norske Teatret
Torsdag 20. februar 2020, at 19:00 – 20:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Kari Slaatsveen, Nils Bech, Gisken Armand, Bjørn Skagestad, Henriette Steenstrup og Petter Winther

Om livet er ein kamp, har også brevpapiret vore ein del av slagmarka. Anten det er snakk om kvinnekamp, identitetskamp, arbeidarkamp, kunstnaren som kjempar for brød på bordet, eller forbrytaren som slåst for fridom, så finst spora i det som ein gong var konvolutterte meldingar. Brevsamlingane til Arkivverket og Nasjonalbiblioteket gir oss innblikk i mange ulike stridstema.

Gisken Armand, Bjørn Skagestad, Henriette Steenstrup og Petter Winther levandegjer brev om ulike former for kamp. Programleiar Kari Slaatsveen losar oss gjennom kvelden, akkompagnert av artisten Nils Bech.

Under fana «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Vi har teke for oss kjærleiken, katastrofen, reisa og ulykka. Denne gongen er det kampen som står for tur.