21
mar

Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking

Bilde av digital hjerne, Lone Frank og Lasse Pihlstrøm
Ill: Martin420, Wikimedia Commons
Torsdag 21. mars 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Eit menneske med implantert teknologi som har erstatta eller forbetra organiske funksjonar – ein kyborg. Sidan 60-åra har kyborgen levd i beste velgåande i våre førestillingar. I science fiction-tradisjonen finst både positive og skrekkinngytande visjonar om menneske-maskina, men vil kyborgen nokon gong kunne stige ut av førestillinga og inn i røynda? Kan den menneskelege hjerne bli ei «elektronisk maskin»?

Den danske vitskapsformidlaren og hjerneforskaren Lone Frank er aktuell med boka Lystlegen, om historia og teknologien bak djup hjernestimulanse. I samtale med nevrolog og skribent i Morgenbladet Lasse Pihlstrøm brukar dei førestillinga om kyborgen som bakteppe for å seie noko om dei etiske spørsmåla og vitskaplege moglegheitene ein står framfor i moderne hjerneforsking. Samtala leiast av nettjournalist ved Nasjonalbiblioteket Frid Kvalpskarmo Hansen.