Fantastiske fremtider del 35 av 39

Kyborgane kjem. Lone Frank og Lasse Pihlstrøm om hjerneforsking

21. mars kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Eit menneske med implantert teknologi som har erstatta eller forbetra organiske funksjonar – ein kyborg. Sidan 60-åra har kyborgen levd i beste velgåande i våre førestillingar. I science fiction-tradisjonen finst både positive og skrekkinngytande visjonar om menneske-maskina, men vil kyborgen nokon gong kunne stige ut av førestillinga og inn i røynda? Kan den menneskelege hjerne bli ei «elektronisk maskin»?

Den danske vitskapsformidlaren og hjerneforskaren Lone Frank er aktuell med boka Lystens pioner, om historia og teknologien bak djup hjernestimulanse. I samtale med nevrolog og skribent i Morgenbladet Lasse Pihlstrøm brukar dei førestillinga om kyborgen som bakteppe for å seie noko om dei etiske spørsmåla og vitskaplege moglegheitene ein står framfor i moderne hjerneforsking. Samtala leiast av nettjournalist ved Nasjonalbiblioteket Frid Kvalpskarmo Hansen.

Kommende arrangementer

Arrangement

Lytt til lyst. Vigdis Hjorth, Thorvald Steen, Trine Skei Grande og Liv Gulbrandsen

Lør. 19.januar kl.14:00
Gratis inngang
Read article "Lytt til lyst. Vigdis Hjorth, Thorvald Steen, Trine Skei Grande og Liv Gulbrandsen"

Arrangementsserie 7 av 8

Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard

Man. 21.januar kl.19:00
Gratis inngang
Read article "Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard"

Arrangement

Fremtidens landskap 

Tir. 22.januar kl.12:00
Gratis inngang
Read article "Fremtidens landskap "