7
mar

Kurbad – eit paradis på jord? Seminar om norsk og svensk kurbadhistorie 1680–1920

Gammelt bilde fra kurbad - eksteriør
Sandefjords Bad – Ved Brønden. Fotograf A. Wilse. Eigar Nasjonalbiblioteket.
Torsdag 7. mars 2019, at 13:00 – 15:30
Nasjonalbiblioteket

Medisinsk behandling på kurbad har ein lang og rik tradisjon i europeisk samanheng. I Noreg var blømingstida til slike institusjonar fyrst og fremst avgrensa til 1800-talet. På dette seminaret vil Elisabeth Mansén, professor i idéhistorie ved Stockholms Universitet, gje eit innblikk i den svenske kurbadhistoria, med utgangspunkt i boka Ett paradis på jorden. Om den svenska kurortskulturen 1680–1880. Kristine Lillestøl, Svein Ingebretsen og Erlend Hem vil presentere smakebitar frå kurbada si historie i Noreg.

Program

13.00: Velkomen ved møteleiar Harald Siem

13.05: Ett paradis på jorden. Om den svenska kurortskulturen 1680-1880. Elisabeth Mansén, professor i idéhistorie ved Stockholms Universitet

14.00: Pause

14.20: Sandefjord bad og dr. Thaulow – starten på balneologien i Norge. Svein Ingebretsen, leiar av Kurbadets venner, Sandefjord

14.55: Behandling av nervesvekkelse ved norske kurstader 1860-1920. Kristine Lillestøl, lege og forskar i medisinsk historie, OUS/UiO

Billettar kr. 100,- for ikkje-medlemmar. Gratis for medlemmar av Stiftelsen Nasjonalt medisinsk museum.

Arr: Stiftelsen Nasjonalt medisinsk museum