Arrangement
16
sep

Kriseforliket

Valplakat for Arbeiderpartiet, 1933. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Onsdag 16. september 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

May-Brith Ohman Nielsen, Mímir Kristjánsson og Eva Nordlund

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på facebook og nb.no.

I 1935 inngikk Arbeidarpartiet og Bondepartiet ein avtale om ein ny økonomisk politikk for å få Noreg ut av den økonomiske krisa i mellomkrigstida. Avtalen la grunnlaget for slagordet «By og land – hand i hand», og blei starten på nesten førti år med samanhengande Arbeidarparti-styre. Men kva gikk den nye politikken ut på, kva konsekvensar fikk han og kvifor skifta eigentleg bøndene side?

Historieprofessor May-Brith Ohman Nielsen møter forfattar Mímir Kristjánsson til ein samtale leia av Eva Nordlund, politisk kommentator i Nationen.

2020 har vore eit dramatisk og djuptgripande år. Konsekvensane av covid-19-pandemien kjem vi til å ta med oss langt inn i det nye tiåret, slik 1920-åra også blei merkt av spanskesykja (1918–1920). I haustens serie «Tiår for tiår» begynner vi med nettopp spanskesykja og ser så nærare på dei neste tiåra fram til i dag gjennom arrangement og digitalt innhald med materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling. Kva har prega oss? Kva har vi lest, lytta til, lært av – og kva har vi gløymt?

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

 På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

 Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

 Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.