21
nov

Kortfilmkveld. Dystopi, det framande og menneskemaskiner

Bilde fra filmen Rulletrappen
Ill.: Rulletrappen. Christopher Nielsen
Onsdag 21. november 2018, at 20:30 – 22:00
Nasjonalbiblioteket

Rulletrappen: I Rulletrappen strevar tre personar seg oppover i ei rulletrapp som går nedover. Medan dei går, blir dei store spørsmåla diskutert  – kva er meininga? (Animasjon/kortfilm, 10 min. Christopher Nielsen, 2014).

The Factory: The Factory er ein steampunk-, science fiction-kortfilm som handlar om ein mann, ein robot og ein kyborg som arbeider på ein brusfabrikk. Ein dag går ikkje produksjonen som vanleg, og det skapar uro i arbeidsmiljøet. (Kortfilm, 8 min. Margareta F.A. Orkan, 2017).

Alien Repair Guy: Ei science fiction-forteljing om kor vi kjem frå, kor banda våre er. Om kva som går føre seg over hovuda våre, og om når kontrollboksen til jorda blir øydelagd. (Kortfilm, 13 min. Alexander Somma og Øystein Moe, 2012).

Alle fugler: I eit postapokalyptisk univers busett av barn utan evne til å kommunisere med verbalt språk er ei ung jente ein av dei få som framleis har språket intakt. På eit tidspunkt må jenta avgjere om ho vil bruke eller misbruke det verdifulle språket ho eig. (Kortfilm, 13 min. Sara Eliassen, 2008).

«Mira»: Vi får eit innblikk i korleis eit framtidssamfunn kan arte seg. Ein kan sjå filmen som ein konsekvens av dagens utvikling. Vi er på veg mot Mira-samfunnet. (Kortfilm/episode i spelefilm, 24 min. Espen Thorstenson, 1970).

Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film».