Fantastiske fremtider del 10 av 39

Kortfilmkveld. Byen og dehumaniseringa av samfunnet

22. november 2018 kl. 20:30 - 22:00 Gratis inngang

Informasjon

Oblidor: Vi er i Axel Jensens science fiction-univers. Hora Lul veit for mykje, og leigemordaren Raffen har fått eit oppdrag. Han har enno ikkje bomma, og alt Lul har til sitt forsvar, er snakketøyet. (Kortfilm, 7 min. Jan Otto Wiig, 2000).

Tellus 1000: Ei framtidsskildring frå etter den store eksplosjonen, der menneska mista minnet sitt. (Kortfilm, 16 min. Oddvar Bull Tuhus, 1971).

Tunnelen: Tunnelen er ein framtidsvisjon om ei overfolka verd der samfunnet har kome fram til ei forferdeleg løysing på problemet. (Kortfilm, 14 min. André Øvredal, 2015).

Omplassering: Basert på novella «Natta der oppe, natta der nede» av Anders Bortne. Ei overfolka verd, eit parforhold i trøbbel og eit overraskande besøk. Omplassering er ein «kvardags-science fiction» som tar føre seg samlivsproblem i ei tenkt nær framtid der overfolking av jorda krev ekstreme tiltak. (Kortfilm, 9 min. Robin Jensen, 2014).

2023: Omtala som «den fyrste science fiction-filmen laga i Noreg sidan Blindpassasjer». I 2023 er Noreg ramma av terror, og Sven strevar med å takle sorga etter kjærasten sin død. (Kortfilm, 30 min. Harald Fossen, 2009).

Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film».

Kommende arrangementer

Arrangement

Boklansering: Biblioteket i litteraturen

Ons. 20.februar kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Boklansering: Biblioteket i litteraturen"

Arrangement

Latin i Norge før 1537. Om latin, norrønt og bøker i middelalderens Norge

Tor. 21.februar kl.13:00
Gratis inngang
Read article "Latin i Norge før 1537. Om latin, norrønt og bøker i middelalderens Norge"

Arrangement

Sara Övinge med Oslo kammerorkester

Lør. 23.februar kl.14:00
kr. 200,-
Read article "Sara Övinge med Oslo kammerorkester"