Digital humaniora del 1 av 2

Korpusanalyse med Jupyter Notebook. Workshop

21. september kl. 10:00 - 14:30 Gratis inngang

Informasjon

Workshopen tek føre seg korleis forskarar kan finne fram i data og lage eigne data. Python og Jupyter Notebook blir brukte som verktøy for å analysere tekster frå Nasjonalbibliotekets digitale samling av bøker og aviser. Workshopen er retta mot forskarar innan språk- og litteraturvitskap, historie, idéhistorie og medievitskap. 

Avhengig av interessene til deltakarane presenterer vi døme på analysar knytte til tyding og endring av tyding, historisk utvikling av omgrep, og litterære studiar.

Alle deltakarar må ha med eiga datamaskin. Påmelding til dh-workshop@nb.no innan 10. september.

Digital humaniora på Nasjonalbiblioteket

Som del av satsinga på digital humaniora arrangerer Nasjonalbiblioteket i år kvartalsvise workshopar retta mot forskarar og andre som jobbar med digitale kjelder. Det blir introduksjonar til programvare og metodar som kan brukast for å nytte seg av Nasjonalbibliotekets digitaliserte samlingar, og i arbeid med eige kjeldemateriale.

21.9. kl. 10.00 – 14.30: Korpusanalyse med Jupyter Notebook

19.10. kl. 10.00 – 12.00: Norske utvandrere i USA