Digitalt arrangment
27
apr

Konstruksjonen av Norden: Opplysningstida

Kollasj med bilder av deltakerne
Frederik Stjernfelt. Foto: Aalborg Universitet, Helge Jordheim. Foto: Universitetet i Oslo, Trygve Riiser Gundersen. Foto: Siv Dolmen, Ellen Krefting. Foto: © Universitetet i Oslo
Tirsdag 27. april 2021, at 19:00 – 20:00

Frederik Stjernfelt, Ellen Krefting, Trygve Riiser Gundersen og Helge Jordheim 

Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet blir strøymt live på nb.no og Facebook. 

I standardforteljinga til den vestlege kulturen la vitskap, rasjonalitet og nye politiske idear grunnlaget for vekst og framgang i perioden vi kallar “opplysingstida”. Men korleis gjekk dette for seg i den nordlege utkanten av Europa? Hadde vi ei opplysingstid i Norden, og korleis skilde ho seg i så fall frå andre land? Er det kanskje meir rett å snakke om fleire opplysingstider? I denne samtalen vil vi sjå på forskjellane i Norden på 1700-talet, og på korleis idear og strøymingar frå denne tida kan stå i samband med det moderne Norden. Frederik Stjernfelt er professor ved Aalborg Universitet, Ellen Krefting er professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo og Trygve Riiser Gundersen er forleggar og forfattar. Dei møtest til ein samtale om nordisk opplysing leia av Helge Jordheim, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.   

 

Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet — frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.