Digitalt arrangment
21
jan

Konstruksjonen av Norden: Mellomalderen

Bergsveinn Birgisson. Foto: Helge Skodvin / Pelikanen forlag, Carline Tromp. Foto: Siv Dolmen / Klassekampen.
Torsdag 21. januar 2021, at 19:00 – 20:00

Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp  

Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet blir strøymt på nb.no og Facebook.  

Kva slags førestillingar fanst om Norden i Danmark, Sverige, Noreg og Island i mellomalderen? Korleis var naboskapen, og korleis g omverda på oss? Islandske Bergsveinn Birgisson er doktor i norrøn filologi og forfattar av både historiske fagbøker og romanar frå vikingtida til 1700-talet, sist Reisen til livsvannet og Mannen fra middelalderenHan møter filolog og kritikar Carline Tromp til samtale om Norden i mellomalderen. 

Korleis blei vi Norden? Kor kjem ideen om Norden frå, og kva utgjer eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsingaUiO:Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet  frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærmare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen  med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit  og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringar i samtida og framtida? Gjennom føredrag, samtaler og digital formidling vil serien ta for seg dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.