Digitalt arrangment
24
feb

Konstruksjonen av Norden: Draumen om nordisk storheit

Anne Eriksen. Foto: UiO
Onsdag 24. februar 2021, at 19:00 – 20:00

Foredrag ved Anne Eriksen 

Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet blir strøymt live på nb.no og Facebook.  

Da den norske adelsmannen Johannes Lilienskiold døde i 1703, let han etter seg to store og rikt illustrerte bøker med titlane Nordens Ære-støtte og De italienske Kongers Historier. Bøkene fortel om urgamle folkestammer frå Norden som vandra mot sør og overtok det romerske imperietLillienskiold si plassering av Nordens menneske som eitgamalt folkeslag sikra dei nærleik til Gud, og med folkevandringa sørover gjorde han dei også til sentrale aktørar i europeisk historie og til herskarar over kontinentet. Kor kom disse tankane om nordisk storheit frå, og kva fekk dei å seie

Anne Eriksen er professor i folkloristikk ved Universitetet i Oslo, og har skrive ei rekke bøker om mellom anna historieforståing, kunnskapshistorie og kulturminne 

Korleis blei vi Norden? Kor kjem ideen om Norden frå, og kva utgjer eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO:Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet  frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærmare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen  med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit  og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringar i samtida og i framtida? Gjennom føredrag, samtaler og digital formidling vil serien ta for seg dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.