24
sep

Karstykker og burlesque

Carina Carlsen. Foto: Bjørnar Solberg, Elizabeth Svarstad. Foto: Berre, Hallgrim Hansegård. Foto: Hallgrim Hansegård og Ingrid Kindem, 2017. Foto: Anne Valeur
Torsdag 24. september 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Ensembledans

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på facebook og nb.no.

Musikken som til kvar og ein tid er populær, er ofte prega av tonar som har brei appell i folket. Musikken er tett knytt til rådande ungdomskultur og dans, og dette kan ha påverknad for korleis songane blir utforma eller utbreidd. Ensembledans er underhalding, men kan samtidig gi uttrykk for både samfunnskritikk og ulike formar for aktivisme. Dansehistorikar og forskar Elizabeth Svarstad, dansar og kroppspositivist Carina «Fifi von Tassel» Carlsen og dansar og koreograf for ensemblet Frikar Dance Company Hallgrim Hansegård diskuterer kva ensembledans kan vere. Møteleiar er komponist og musikkprodusent Ingrid Kindem.

I serien «Populærmusikkens dansehistorie» leiar Ingrid Kindem tre arrangement som tek utgangspunkt i ulike formar for dans og korleis desse påverkar eller let seg påverke av den til kvar tid populære musikken.

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

 På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

 Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

 Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.