• Beklager. Dette event har allerede funnet sted.

Hyyyyyl! Om fankultur i Noreg

17. september kl. 21:00 - 22:00 Gratis inngang

Informasjon

Wenche Myhre, Arve Hjelseth og Kari Slaatsveen 

På grunn av smittevernreglane er det ei avgrensa mengde plassar, og vi oppfordrar alle til å hente gratisbillett før arrangementet på nb.no. Billettane blir lagt ut 10. september, kl. 08.00. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir også strøymt direkte på Facebook og nb.no. Lenka blir lagt ut i forkant av arrangementet. Her treng du ikkje billett. 

Kva populærkulturelle fenomen er det som har fått norsk publikum til å «klikke», til å dåne, til å «gå mann av huse»? Wenche Myhre er ein særs folkekjær artist og skodespelar med fanskarar både i Noreg og i utlandet. Korleis har ho opplevd det å vere objekt for ein fankultur i fleire tiår? Og korleis kan ein eigentleg forklare fankultur som fenomen? Kvifor blir vi fans og kvifor blir vi så ville? 

I denne samtalen møter Wenche Myhre og sosiolog Arve Hjelseth journalist Kari Slaatsveen til samtale om kva som kjenneteiknar norsk fankultur og korleis den har endra seg. 

PS Denne kvelden er det mogleg å kjøpe seg eit varmt måltid i kafeen. 

 

BILLETTAR:  

Du kan bestille opptil fire billettar.  Når du melder deg på, samtykkjer du til at kontaktinformasjonen blir lagra i inntil 14 dagar etter arrangementet. Informasjonen vil berre bli delt dersom det blir behov for smittesporing i etterkant.
Viss du har tatt ut billettar på vegne av andre, er du ansvarleg for å formidle informasjon om eventuell smittesporing. 

Viss du ikkje har høve til å bruke éin eller fleire av billettane dine, meld ifrå tilinformasjon@nb.noeller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen. 

 

SMITTEVERN: 

I tråd med smittevernreglane til Oslo kommune er det ei avgrensa mengde plassar på arrangementa våre. Alle som deltek, må vere registrert med namn og kontaktinformasjon i tilfelle smittesporing skulle bli nødvendig i etterkant. 

– Hald deg heime viss du har symptom på covid-19 eller om du er i karantene.
– Hald minst ein meter avstand til alle som ikkje er i din eigen husstand eller kohort.
– Praktiser god hand-/hostehygiene. Handsprit vil vere tilgjengeleg ved innslepp.
– Vi oppfordrar alle gjestane våre til å laste ned FHIs Smittestopp. Les meir om appen HER

Arrangement

Konstruksjonen av Norden: Natursyn

Man. 27. september kl.19:00
Gratis inngang
"Konstruksjonen av Norden: Natursyn"

eksternt arrangement

Erling Sandmo-seminar: Hvem var Horla?

Tir. 28. september kl.19:00
Gratis inngang
"Erling Sandmo-seminar: Hvem var Horla?"

Arrangement

Hofmos prosa

Tor. 30. september kl.19:00
Gratis inngang
"Hofmos prosa"