10
des

Høtt sa du? Dialektkonkurranse med Eide, Wetås, Mæhlum, Vaa, Kihl og Bjørkmo

Illustrasjonsbilde
Tirsdag 10. desember 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga …». For sjuande gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i dette talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar, og Åse Wetås dommar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Anders Vaa og Brit Mæhlum, saman med journalist og kommunebokforfattar Jens Kihl og poet og kommuneslagordekspert Kjersti Bjørkmo, konkurrere mot kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokoper og kløyvd infinitiv.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 26. november.

Arr.: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket