Høtt sa du? Dialektkonkurranse med Eide, Wetås, Vaa, Mæhlum, Nilson og Beranek Holm

14. mars kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.

Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. Fredagar på 80-talet sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga…». For fjerde gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Anders Vaa og Brit Mæhlum, saman med radiomann Rune Nilson kjend frå mellom anna Dialektreisen og komikar Espen Beranek Holm, konkurrere med kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.

Arr: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket