Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.
Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga …». For femte gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Martin Skjekkeland og Brit Mæhlum, saman med forfattar Tore Renberg og skodespelar og programleiar Solveig Kloppen, konkurrere mot kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.
Arr: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket