1
des

Høtt sa du?

Bilde: Linda Eide. Foto: Spartacus forlag
Onsdag 1. desember 2021, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Linda Eide, Åse Wetås, Brit MæhlumUnn Røyneland
Guro Fostervold Tvedten
 og Davy Wathne 

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne forma si heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.  

Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. På fredagar i 1980-åra sat vi klistra til tv-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga …». Nasjonalbiblioteket og Språkrådet blæs no liv i dette talemålske konkurranseinstinktet.  

Linda Eide er programleiar, og Åse Wetås dommar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Unn Røyneland og Brit Mæhlum, saman med Davy Wathne og Guro Fostervold Tvedten, konkurrere mot kvarandre og publikum i å vite mest om palatalisering, apokope og kløyvd infinitiv. 

***

Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant.  

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.