Arrangement
30
sep

Hofmos prosa

Kollasj med portretter av Amund Børdahl, Sissel Furuseth og Kaja Schjerven Mollerin
Amund Børdahl. Foto: UiB, Sissel Furuseth. Foto: UiO, Kaja Schjerven Mollerin. Foto: Julie Pike
Torsdag 30. september 2021, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Amund Børdahl, Sissel Furuseth og Kaja Schjerven Mollerin 

Våren 1948 sto Gunvor Hofmos artikkel «Ruth Maier» på trykk i tidsskriftet Vinduet, ein tekst om kjærasten og tvillingsjela Ruth. «Skulle man karakterisere henne med ett ord måtte det bli: medmennesket!», skriv Gunvor. Ruth var austerriksk jøde og flykta til Noreg som attenåring. Natt til 26. november 1942 blei ho arrestert, dagen etter deportert med lasteskipet Donau, og drepen i gasskammera i Auschwitz. 

Tre år før, i 1945, skreiv Hofmo artikkelen «Litt om kinesisk lyrikk», publisert i Vårt Blad under pseudonymet Asle Jord. Om Ly-y-Han, ein kvinneleg lyrikar ho sette høgt, skriv ho: «Ulykkelig kjærlighet gjorde henne til dikter. Hver strofe dirrer av lidenskap og fortvilelse. […] Men hun frigjør seg ikke fra sin ulykkelige kjærlighet. Tvert om. Hun klynger seg til den i vill lidenskap». 

Dei to tekstene er tankevekkande i seg sjølv, men gir også lesaren ein inngang til den eigenarta prosaen Gunvor Hofmo skreiv. Kanskje også poesien hennar? Professor i litteraturvitskap ved UiO, Sissel Furuseth, og lektor i filosofi og retorikk ved UiB, Amund Børdahl, møter Kaja Schjerven Mollerin til samtale. 

 

JA ER DET KORTESTE ORDET I VERDEN
I år ville Gunvor Hofmo fylt 100 år. I utstillinga «Ja er det korteste ordet i verden» ser Nasjonalbiblioteket nærare på denne forfattarskapen, som er blitt ståande som ein av dei fremste norske forfattarskapane i det tjuande århundret. Sju dikt – nokre mindre kjende enn andre – blir løfta fram i utstillinga og skaper inngangar til ulike sider ved Hofmos liv og verk. I ei rekke arrangement utover hausten ser vi også på kva spor ho har etterlate seg i litteraturen, og på korleis dei nedskrivne erfaringane hennar om sorg, angst, kjærleik, einsemd og livskraft framleis maktar å rykke lesaren ut av det vante og kvardagslege.   

 

***

Arrangementet er ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt, men du kan sikre deg ein plass ved å bestille ein gratisbillett. Elles er det først til mølla når dørene opnar.

Viss du ikkje har høve til å bruke éin eller fleire av billettane dine, meld ifrå tilinformasjon@nb.noeller ring 23 27 61 01 slik at nokon andre kan få glede av plassen. 

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje hente billett for å se den digitale sendinga.

Vi ønskjer at du held deg heime viss du har symptom på covid-19.
Hugs god hand-/hostehygiene, og ta omsyn til dei rundt deg.