22
mai

Historia tok til langt tidlegare. Edvard Hoem og Aslak Sira Myhre

Bilde av Hoem og Sira Myhre
Onsdag 22. mai 2019, at 20:00 – 21:00
Nasjonalbiblioteket

Fortid, tradisjonar og familiehistorie. Edvard Hoem har i eit langt forfattarskap orientert seg mot den norske historia. Han har skildra Bergen etter fyrste verdskrigen og i 1950-åra, og Romsdalen under Napoleonskrigane. Han har studert arkiva etter Nordahl Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson med lupe. Og i dei fem siste romanane har han gått inn i si eiga slektskrønike, heilt tilbake til 1820-åra, der han med bakgrunn i brev, kyrkjebøker og historiske kjelder skriv fram forteljingar om forsoning og kjærleik, tunge val og hardt arbeid. Kvifor trengjer fortida seg fram når Hoem skriv? Og korleis kan han skrive så nært om det som er så fjernt i tid?

I ein ny samtaleserie møter nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre forfattarar som går i arkiva på jakt etter sitt litterære stoff. Dei som fortel fortida slik dei har funne ho i Nasjonalbibliotekets samling, der vår felles historie ligg lagra for framtida.

NB! Arrangementet er flyttet én time fram, og starter kl. 20.00.