Ved Siv Frøydis Berg
Dette er et digitalt arrangement. Arrangementet strømmes live på nb.no.
Himmelbrevet var ein populær sjanger i Europa gjennom mange hundre år. Desse “kjedebreva” var gjerne underteikna Jesus Christus, og spådde død og undergang for dei som ikkje spreidde dei vidare. Kvifor blei himmelbreva så populære? Kvifor spreidde teksten seg nærast uendra over hele Europa gjennom 300 år, på ulike språk, både som handskrift og dekorerte trykk? Og kvifor sette kolerapandemien i 1853 ein solid stoppar for produksjonen av trykte himmelbrev i Noreg? Idéhistorikar Siv Frøydis Berg tar for seg himmelbreva som litterær sjanger og presenterer himmelbrev frå samlingane til Nasjonalbiblioteket.
Siv Frøydis Berg er idéhistorikar og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket.