Populærmusikkens dansehistorie

Hallingkast, freestyle og Bboys

17. november kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Solodans

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strøymt direkte på Facebook og nb.no.

I solodans er dansaren fri til å bevege seg utan at danseakta er koordinert med andre. Men kor fri er dansaren til å interagere med musikken, og korleis påverkar musikken og tradisjonelle rytmefigurar det kunstnariske utrykket til dansaren?

I serien «Populærmusikkens dansehistorie» leier komponist og musikkprodusent Ingrid Kindem samtalar som tek utgangspunkt i ulike former for dans og korleis desse påverkar eller lèt seg påverke av den til kvar tid populære musikken. Med seg i samtalen om solodans har ho hiphop- og verdsstjernedansar Mona Berntsen, Bboy og noregsmeister i breaking Navid Rezvani og dansar og koreograf for ensemblet Frikar Dance Company Hallgrim Hansegård.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.

Kommende arrangementer

Ekstern arrangør

Er språket vårt i fare?

Man. 26. oktober kl.18:00
Gratis inngang
Read article "Er språket vårt i fare?"

Arrangement

80-tallet: I studio med Raga Rockers

Man. 26. oktober kl.19:00
Gratis inngang
Read article "80-tallet: I studio med Raga Rockers"

Fagseminar

The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata

Ons. 28. oktober kl.10:15
Gratis inngang
Read article "The Hermeneutics of Bibliographic Data and Cultural Metadata"