Fagseminar
3
nov

Grundtvigianar, skandinav og skulemann

Portrett av Hartvig Nissen. Fotograf: Frederik Klem (1868). Kjelde: Nasjonalbiblioteket
Tirsdag 3. november 2020, at 13:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Store Auditorium

Merethe Roos om Hartvig Nissen

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Arrangementet blir òg strøymt direkte på Facebook og nb.no, her treng ein ikkje billett.

Hartvig Nissen (1815–1874) stod sentralt i utviklinga av skulevesenet i Noreg på 1800-talet og blir rekna som ein stor nasjonal strateg. Skuleforskar Merethe Roos kastar lys over Hartvig Nissens liv og virke som skulemann og ser særleg på korleis han blei påverka av impulsar frå dei andre skandinaviske landa.

Merethe Roos er professor ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Universitetet i Søraust-Noreg.

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Dette gjeld for fysisk oppmøte. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningslinjer og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre formål enn eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følgje arrangementet heimanfrå.

Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt viser publikum til plassane sine. Vi rår alle til å komme i god tid før arrangementet startar.